Company purpose
Selskapet har som føremål å fremje kunnskap, engasjement og ansvar for natur og biomangfald gjennom utvikling og drift av ei digital, open plattform for folkeforsking, datainnsamling og formidling. Selskapet skal ikkje ha økonomisk utbytte som hovudformål. Eventuelt overskot skal førast tilbake til verksemda for å vidareutvikle plattforma og styrke det allmennyttige formålet. Det skal ikkje delast ut utbytte til aksjonærane. Selskapet skal drivast etter ideelle prinsipp, og det er eit langsiktig mål å etablere ei sjølveigande stifting som eigar av selskapet eller verksemda, for å sikre uavhengigheit og føremålsvern. Styret skal jamleg vurdere dette som ein del av selskapet si strategiske utvikling.