Company purpose
Vere ein reiskap for gjennomføring av ulstein kommune sin bustadspolitikk og sikre at kommunen har hensiktsmessige bygg for si øvrige verksemd og tenesteyting. Føretaket skal syte for å ta i vare bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av disse bygningane/eigedomane på ein effektiv måte. Føretaket skal gjennom å eige, forvalte, vedlikehalde, rehabilitere, byggje nye, kjøp og sal av eigedomane syte for at eigedomane vert utvikla i samsvar med kommunen sine målsettingar for servicenivå og utvikling. Føretaket kan ta del som eigar i andre selskap når det ligg innanfor føretaket sitt føremmål og dei rammer kommunelova og eventuelt andre lover/føresegner angir for kommunen si deltaking i selskap/forretningsdrift. Føretaket kan og leige inn eigedomsmasse og gå inn i framleigekontrakt når dette tener dei føremål føretaket skal ivereta. Disponeringa av eigedomane som ein reiskap i kommunal verksemd skal ivertakast av dei aktuelle fagetatar i kommunen. Føretaket kan ta på seg andre oppgåver som kommunestyret pålegg føretaket.