Company purpose
Grunneierlaget er ei samling av grunneierne i stavedalen. Grunneierlaget skal vera pådrivar for å utvikle stavedalen basert på næringsutvikling og tradisjonar der landbruk, miljø og reiseliv blir utvikla i ein heilskap i samsvar med medlemene sine interesser. Grunneierlaget skal ivareta medlemene sine interesser gjennom ei langsiktig økonomisk utvikling av stavdalen, ivareta interesser overfor styresmakter og anna næringsliv og gjennom å utvikle og forvalte utmarksressursane fremje utmarka kring stavedalen som landbruks- og reiselivsområde. Grunneierlaget bør leggje tilrette for bruk av lokale ressursar i utbygging og anna tenesteyting. Stavedalen grunneierlag er i utgangspunktet ei samling jaktrettseigarar i stavedalen. Jakt og fiskerettigheitar kan ikkje delast frå hovudbruket. Grunneierlaget skal som før ha full disposisjonsrett over medlemene sine jakt- og fiskerettar innenfor laget sitt område. Årsmøtet vedtek jakt- og fiskereglane. Styret har ansvret for organisering av jakt og fiske, viltstell, kortsal osv., dersom ein vel å ikkje oppnemne eige jakt- og/eller fiskestyre. Fiske skal vera tilgjengeleg for allmennheten og det inngås avtale med grunneiere rundt vatn.