Company purpose
Stå for skulen si drift, herunder gje undervising på grunnskulenivå. Undervisinga skal føregå i samsvar med lov om private skolar med rett til statstilskot, og i samsvar med grunnlaget og planane skulen arbeider ut frå. Undervisinga skal føra fram til offentleg godkjend eksamen og vitnemål. Aksjeselskapet har fylgjande basis og føremål a) voss friskule as skal i all si verksemd søkja å skapa eit læringsmiljø som fremjar eit kristent heilskapssyn på livet, forankra i trua på gud som skapar og frelsar, slik dette er uttrykt i bibelen og dei evangelisk-lutherske vedkjenningsskrifter. Skulen vil i alt sitt arbeid gjera kristus kjend for elevane slik at han kan bli trudd og etterfylgd. B) i forståing med foreldra, og i respekt for elevane, vil skulen formidla kunnskap og inspirera til læring og utvikling av heile mennesket for å utrusta elevane for eit godt og ansvarleg liv i heim, samfunn og kyrkje. I møte med elevane, i og utanfor skulen, er heile personalet medarbeidarar og førebilete, og har eit ansvar for å fremja skulen sitt overordna føremål. Aksjeselskapet si verksemd skal byggjast på ikkje-kommersiell basis, og selskapet kan ikkje dela ut utbyte til aksjonærar.