Company purpose
Vossatrygg as skal drive med trygg av natur-metodikk, som er ein pedagogisk metode. Me skal etablere naturskulen som eit tilbod til dei som ynskjer ei endring i skulekvardagen sin. Naturskulen er ein dag i veka over 12 veker, som ein alternativ skulekvardag. Ein nyttar natur og friluftsliv som læringsarena, kor me i hovudsak jobbar med livsmeistring. Me ynskjer også å utdanne pedagogar, så dei vert trygge i metodikken. Dei vil da få eit verktøy til å møte mange av utfordringane i dagens skule. Effekten me ynskjer er at elevane skal verte tryggare. Me vil nytte friluftsliv og aktivitet i natur, og dermed ein praktisk tilnærming til læring. Slik vil me kunne nå fram til alle, og gi born og unge ein arena å lære på, meistre på og ikkje minst vekse på som menneske.