Company purpose
Forvalte eigedomsmassen gbnr 39/33, gbnr 9/214 og gbnr 10/57 i etne kommune (bankbygget i etne) anten sjølv eller gjennom eit underliggande selskap. Stiftinga har også som føremål å forvalte eventuelle aksjar og andre eigedeler, som tidlegare har vore eid av etne sparebank. Stiftinga kan forvalta eigedelane sjølv eller gjennom eit underliggande selskap. Stiftinga har også til føremål å dele ut midlar til allmennyttige føremål i etne kommune. Dersom stiftinga som følgje av oreigning, sal eller andre forhold ikkje vil kunne eige bankbygget i etne direkte eller indirekte, skal stiftinga reinvestere eit eventuelt overskot slik at stiftinga framleis kan dele ut midlar til allmennyttige føremål i etne kommune.