Company purpose
Utføra kommunane sine oppgåver innan innsamling, gjenvinning og behandling av avfall og slam, og arbeidsoppgåver som høyrer naturleg saman med desse oppgåvene. Selskapet overtek såleis oppgåver som kommunane etter lova kan overlate til selskapet innafor desse områda, og som skal betalast av renovasjons- og slamgebyret. Utarbeida gebyrregulativ for hushaldskundar. Gebyra skal etter ein overgangsperiode vera like for like tenester i alle deltakar-kommunane. Gebyra kan varierast etter levert mengde avfall og tenestetilbod. Utføra andre oppgåver som kommunane og selskapet vert samde om at selskapet skal utføre. Gje tilbod om innsamling, gjenvinning og behandling av næringsavfall der selskapet finn dette miljømessig ønskjeleg og økonomisk rett. Søkja samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap der dette er naturleg, og selskapet kan vera eigar eller medeigar i andre selskap. Avgjera i kva grad drifta skal skje ved bruk av eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved leigeavtalar med medlemskommunane eller private næringsdrivande.