Company purpose
Årim utfører kommunane sine lovpålagde oppgåver innan innsamling, gjenvinnig og behandling av avfall frå hushald og slam frå mindre avløpsanlegg i samsvar med sentrale og lokale miljømål. Årim kan gje eit tilbod om innsamling, gjenvinning og behandling av næringsavfall der selskapet finn dette miljømessig ønskjeleg og økonomisk forsvarleg. Årim har einerett frå kommunane til å sikre tømming av slam frå mindre avløpsanlegg der utløpet er knytt til offentleg avløpsnett. Årim tek over eigarskapet til, og ansvaret for disponeringa av avfallet og slammet så snart det er henta inn eller levert gjennom dei avfallsordningane som er opprette. Medlemskommunane fastsetter likelydande forskrifter om avfall og slam i ålesundregionen. Selskapet får her mynde til å ta avgjerd i enkeltsaker. Årim skal vere eit rådgjevande organ og kompetansesenter for medlemskommunane. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane drive eit aktivt informasjonsarbeid for å auke innbyggarane sin kunnskap om avfallsreduksjon og meir miljøvenleg avfallsbehandling. Årim skal legge vekt på miljøvenleg drift i alle ledd i avfallsbehandlinga. Årim skal ha kostnadseffektiv drift. Årim avgjer i kva grad drifta skal skje ved bruk av eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved avtalar med medlemskommunane, andre selskap, eller private næringsdrivande. Årim kan søkje samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap der dette er naturleg, og selskapet kan vere eigar eller medeigar i andre selskap. Årim skal utføre eventuelle andre oppgåver som kommunane er samde om at selskapet skal utføre.